Godt nytt frå Bjerkreim

Publisert

I dagens avis skriv vi om vindkraftmotstandarane i Bjerkreim kommune i Rogaland som har fått kommunestyret til å seia nei til utbygging av eit vindkraftanlegg med vindturbinar som kan vere nær 200 meter høge. Turbinane er planlagde i eit fjellområde knytt til eit samanhengande kystheilandskap. Eit særeige landskap som har fått status som «utvald naturtype».

Det spesielle med dette vedtaket i kommunestyret i Bjerkreim er at utbygginga fekk konsesjon i 2014, og at formannskapet i kommunen seinast i vår gav løyve til utbygginga, trass i at området i reguleringsplanen er meint for landbruk, natur og friluftsliv.

No har utbyggingsselskapet Norsk Vind Energi alt sagt at dei vil klaga på vedtaket, og står fast på at utbygginga skal skje. Kva det endelege svaret på klagen vert, er usikkert. Klagen skal handsamast av Olje- og energidepartementet.

Vedtaket i departementet vert viktig, for det er mange andre konsesjonar rundt om i landet som kan hamna i same situasjon. Er det slik at konsesjonar kan stoggast når det er kome fram nye opplysingar, eller når lokalbefolkninga meiner at utbygginga vert mykje større enn dei hadde rekna med?

Same kva utfallet vert, er vedtaket i Bjerkreim kommunestyre gledeleg. Det syner eit aukande folkeleg engasjement mot dei mange planane vi har fått dei siste åra om auka vindkraftutbygging.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement