Gje han minst mogleg merksemd
Anders Behring Breivik har på nytt framført sine ekstreme synspunkt i ein norsk rettssal. Denne gongen i Telemark tingrett der han ber om prøvelauslating. Sist han var i retten, for fem år sidan, klaga han på soningsvilkåra. Då som no gjorde han nazihelsingar. Det nye denne gongen var at han òg viste fram nokre ark med ekstreme synspunkt.
Ein mann som har drepe 77 menneske, kan ikkje setjast fri på prøve etter ti år. Det seier seg sjølv. Rettssaka er difor berre ein formalitet for å innfri kravet han har om å få prøvd saka for ein domstol. Psykiater Randi Rosenqvist sa òg klart og tydeleg at Breivik framleis er like farleg som han var etter terroråtaka i 2011.
I utgangspunktet er fotografering og filmopptak forbode under straffesaker. Aktor motsette seg òg filming, men diverre fekk ho ikkje medhald. Dommaren grunngav dette blant anna med at retten ikkje skal vera eit kontrollorgan for politiske haldningar. Det er sjølvsagt. Men retten vert ikkje eit kontrollorgan av å seie nei til filming. Det har aldri vore tale om referatforbod.
Men før og etter rettsforhandlingane er det opp til den sikta eller domfelte å avgjera om filming skal vera tillate eller ikkje. Sjølv om den straffedømde tillét det i dette tilfellet, burde media ha late vera å filma Breiviks opptrinn før rettssaka tok til, og ikkje synt nazihelsinga.
I denne saka hadde vi klart oss godt med klassiske rettsreferat og rettsteikningar. Dette av omsyn til dei etterlatne, men fyrst og fremst for gje terroristen minst mogeleg merksemd og ikkje bidra til at han får uttrykt den ekstreme bodskapen sin gjennom videoar – som sjølvsagt alt ligg spreidde på nettet.
Det er ikkje lenge til han kan krevja same runden om att. Vonleg er pressa meir atterhaldne då.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.
Foto: Lina Hindrum
Det trugande utanforskapet
På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.