George Floyd og Joika-guten
«Debatten om rasisme kan godt fornorskes», skriv politisk redaktør i Aftenposten Kjetil B. Alstadheim i ein kommentar om samehets i Noreg. Ein hets som i dag kan ta form som sjikane på gata og i regionsavisa Nordlys, og som i hundre år var strukturell med den statlege fornorskingspolitikken andsynes samar og kvenar, nemner han.
Alstadheim jamfører i kommentaren norsk og utanlandsk rasisme slik: «I USA og andre land har debatten om rasisme ført til at filmer og TV-serier tas bort fra strømmetjenester eller utstyres med en liten varselplakat fordi de demonstrerer fordommer og utdatert menneskesyn. Her hjemme selges fortsatt Joikaker (sic) med en lett karikert samegutt på innpakningen.»
Aftenposten-redaktøren skriv diverre ikkje om dei strukturelle skilnadene mellom levekåra til den svarte minoriteten i USA og urfolket i Noreg: I USA var målet apartheid, i Noreg var målet assimilering. Altså det stikk motsette. Det er verdt å nemna.
Der USA (bokstaveleg tala) har brukt pisk på afroamerikanarar, har Noreg vidareført fornorskingspolitikken med gulrot – i form av samiske særrettar som kan generera avundsjuke mellom ikkje-samar, det vil seie etniske nordmenn (og kvenar, til dømes), til liks med rasistiske ytringar i kommentarfelt.
Fornorskingspolitikken botna i ei tru – rasjonell eller ikkje – på at folk og grupper med berre laust samband til norsk språk, norsk kyrkje og norsk kultur, kunne leggja grenseområda opne for finsk og russisk ekspansjon.
Mykje kan seiast om uretten samane har lide og framleis lir, skal ein tru rapporten frå Senter for samisk helseforsking som Alstadheim viser til, men dei blir heller ikkje kvelte eller skotne av norsk politi. Det må nemnast i ein fornorska debatt om rasisme, om han skal gje meining.
Takk og lov er det eit hav mellom guten på Joikakaker-boksen og George Floyd med kneet på nakken, der samfunnet framleis må bli minte på at «black lives matter».
Johan Brox
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.