Frp og det store hamskiftet

Publisert Sist oppdatert

Om Høgre og Frp no dannar regjering i lag, har det sanneleg vore ein lang veg. «Frp står for en forstenet og kynisk liberalisme uten et menneskelig ansikt», stod det i Høyres håndbok i 1990. I 1995 skreiv Kristin Clemet dette om Frp: «Partiet er opportunistisk, ustabilt, uforutsigbart og til dels useriøst. Frp. er simpelthen ikke til å stole på», og eit samarbeid med Frp «vil føre et seriøst konservativt parti ut i isolasjon». Å danne regjering saman med Frp var eit «marerittscenario», sa Høgre-leiar Jan Petersen i 2001.

Ikkje minst har leiande Høgre-folk gong på gong teke avstand frå innvandringspolitikken til Frp. Innvandrings-utspela til Frp var prega av «overdrivelser, misforståelser og svartmaling som oser av menneskeforakt», sa Jo Benkow i 1995. Siv Jensens tale om «snikislamisering» i 2009 hadde «likhetstrekk med mellomkrigstidens frykt for jøder», meinte Høgre-nestleiar Per-Kristian Foss.

No er det nye tider. Kristin Clemet, som i 1997 kalla Frp «tullingene», skriv no på bloggen sin at Frp er «et delvis liberalistisk, delvis sosialdemokratisk parti med et landsdekkende, profesjonell organisasjon». I brevet sitt til søsterparti i utlandet nyleg kalla Høgre-leiinga Frp «eit pragmatisk og løysingsorientert parti».

Det er fleire grunnar til denne normaliseringa. Ein er pragmatisk: Høgre kan ikkje kome i regjeringsposisjon utan hjelp frå Frp. Ein annan er at det i dag er aksept for ein hardare tone i innvandringsdebatten enn før. Og det er òg ein annan røyndom vi diskuterer no enn på 1990-talet: For tjue år sidan var det kring 200.000 menneske med innvandrarbakgrunn i Noreg, no er det over 700.000.

Høgre-folk viser dessutan til at Frp har blitt eit langt meir seriøst, profesjonelt parti. Det er nok sant. Men har eigentleg Frp-retorikken om innvandring – og særleg om islam – endra seg så mykje? Partileiar Siv Jensen går framleis god for uttrykket «snikislamisering». Christian Tybring-Gjedde, leiar for Oslo Frp, hevda i 2010 at islam er eit større trugsmål enn nazismen i 1930-åra: «Da sto du overfor en ideologi du kunne knuse. Du knuser vanskelig en religion.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement