Fritt skuleval med regionale omsyn

Publisert

Regjeringa vil ha fritt skuleval for alle elevar i den vidaregåande skulen. Opptak av elevar etter nærskuleprinsippet skal altså avviklast. Men ikkje heilt. Det skal vere mogleg for fylkeskommunane å fastsetje eigne inntaksområde. KS har fått i oppdrag å utarbeide modellen.

Dette temaet er fullt av motstridane interesser og ulike konsekvensar. I utgangspunktet bør alle elevar få velja fritt. Det motiverer mange elevar til å gjera det godt på ungdomsskulen. Og det gjev elevar høve til å skifta miljø om dei har trong for det.

Men å kalla det fritt skuleval er upresist, sidan det er karakterane som avgjer kven som får plass og ikkje. I dei store byane vil dette fort føra til A- og B-skular.

Samstundes vert det urimeleg at større bykommunar skal avgrensa skulevalet til at elevane kan velja skule innanfor berre sin eigen bydel.

Særleg i Oslo vil dette kunne føra til ein auke i talet på privatskular, noko som absolutt ikkje er ynskeleg. Viktigare er det, dersom ein vil hindra at ein får A- og B-skular, å gje skuletrøytte elevar eit anna tilbod enn endå fleire teoritimar på skulen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement