JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Frisk fredspris

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1959
20200710
1959
20200710

Den internasjonale lækjarbrigaden Henry Reeve bør få Nobels fredspris i koronaåret 2020, meiner solidaritetsorganisasjonar verda over, og med god grunn. Slik kan fredsprisen endeleg, vil SVs Hallgeir Langeland seia, hamna på Cuba. Men denne gongen vil det vera fortent!

Det var Fidel Castro sjølv som presenterte Henry Reeve-brigaden for verda etter orkanen Katrina i 2005, eit nytt namn på ein lang cubansk praksis. Henry Reeve var ein offiser frå USA som døydde ung på cubansk side i frigjeringskampen mot spanjolane i 1876. Castro såg det då likt å kvittera med å senda lækjarhjelp til New Orleans. President George W. Bush takka nei.

I dag har Henry Reeve-brigaden 1500 menn og kvinner i kampen mot korona i 23 land, i Europa, Afrika, Asia, Latin-Amerika og Karibia.

Kva motiv Cuba kan ha for å senda ut lækjarar i tusental, skal vera usagt. Land som kan betala, gjev Cuba inntekt i svært velkomen hard valuta, men om inntektene overstig utgiftene i landa som ikkje kan betala, er heller tvilsamt.

Kva motiv har lækjarane for å reisa ut med Henry Reeve-brigaden? Eventyrlyst, sjølvsagt – å sjå andre himmelstrok er ikkje noko alle cubanarar får gleda av – og kan hende hoppa av der. Poenget er ikkje kvifor cubanarane gjer dette, men at dei gjer det, raskt og effektivt, med stor risiko for eiga helse, og at mottakarane har få alternativ.

Fredspris til Henry Reeve-brigaden ville leggja ein liten stein til børa for Trump-regjeringa i USA, som åtvarar land som tek imot helsehjelp frå Cuba: Dei underbetalte cubanske lækjarane er offer for statleg menneskehandel, lyder twittermeldinga frå Det kvite huset, som på same tid freistar lokka til seg lækjarar frå fattige land til koronateneste i USA. Så lenge dei ikkje er cubanske. Ein fredspris frå Noreg mot virus og maktarroganse ville vore framifrå.

Johan Brox

Med denne utgåva tek Dag og Tid ferie. Neste utgåve kjem fredag 7. august. Vi ynskjer lesarane våre god sommar!

Redaksjonen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis