Fråværsgrensa i skulen
For det store fleirtalet av elevane vil ei låg fråværsgrense medverke til større oppmøte og motivasjon til innsats.
Fråversgrensa i den vidaregåande skulen er i dag på 10 prosent.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
I 2016 vart det innført ei fråværsgrense i den vidaregåande skulen på 10 prosent. Målet var å få ned skulkinga. Er ein elev borte meir enn 10 prosent av skuletida, må han kunna dokumentera at grunnen til fråværet er sjukdom, religiøse høgtider, politisk arbeid, idrett på nasjonalt eller internasjonalt nivå med meir.
No har Utdanningsdirektoratet, i praksis regjeringa, ute på høyring eit framlegg om å endra fråværsgrensa frå 10 til 15 prosent. Målet er å få til ei ordning som skal «virke rettferdig overfor elevene, og bidra til mindre byråkrati og kontroll».
Dagens ordning har ført til at fråværet har gått monaleg ned. Men det har ikkje ført til at fleire av dei som ikkje fullførte vidaregåande skule, no fullfører. Dei ulike sårbare eller krevjande elevgruppene treng altså andre tiltak. Ei fråværsgrense, anten ho ligg på 5, 10, 15 eller 20 prosent, vil ikkje ha noko å seia for desse elevane.
For det er mange som ikkje passar inn i den teoritunge skulen vi har i dag. Vi må bort frå ideen om at alle skal gå på vidaregåande skule. Mange elevar bør heller koma i lære, eller til ein skule som legg vekt på praktisk arbeid og fysisk aktivitet.
«Lækjarane har viktigare oppgåver å nytta tida på enn å skriva ut attestar til elevar som er sjuke nokre dagar»
For det store fleirtalet av elevane, derimot, vil ei låg fråværsgrense medverke til større oppmøte og motivasjon til innsats. Dei fleste ungdomar treng klare og tydeleg reglar.
Men det er eit stort problem som må løysast om ein skal halda på ei låg fråværsgrense: kravet om lækjarattest. Lækjarane har viktigare oppgåver å nytta tida på enn å skriva ut attestar til elevar som er sjuke nokre dagar, og som utan fråværsgrensa aldri ville gått til lækjar.
Ein slik ressursbruk er ikkje forsvarleg når allmennlækjarordninga alt er under stort press. Om det ikkje finst alternativ til kravet om lækjarattest, bør dagens ordning endrast.
Svein Gjerdåker
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.