Frå lensmann til politiavdelingsleiar

Publisert

Regjeringa vedtok for eit år sidan at det skal lagast kjønnsnøytrale ord for stillingar i staten. No er arbeidet kome til lensmann.

Ifylgje assisterande direktør i Politidirektoratet har dei etter «gode diskusjoner og flere forslag» enda på politiavdelingsleiar. Tittelen skal visst nok ta opp i seg «lensmennenes litt ulike organisatoriske plassering i de nye distriktene».

Kanskje det. Men det er leitt at lensmann skal ut av språket. Det er ein god og sterk tittel som knyter stillinga til historia vår og gjev innehavaren av tittelen autoritet i bygda.

Politiavdelingsleiar er derimot langt og vanskeleg å hugsa, og det vert i praksis uråd å skilja stillinga frå alle andre avdelingsleiarstillingar som måtte vera i politi- og lensmannsetaten. Ein får i det heile inntrykk av at det er ei eller anna underordna stilling styrt frå næraste by.

Å få laga gode kjønnsnøytrale avløysarord er klokt. Sjølvsagt skal det heita riksmeklar og ikkje riksmeklingsmann. Skipsfartslova og ikkje sjømannslova. Eller helsesjukepleiar og ikkje helsesyster.

Men kva skal vi gjera med nordmann? Det er rett nok ikkje ein offisiell tittel, men skal det endrast òg? Vi kan gjera som svenskane og endra nordmann til norske. «Eg møtte to svenskar og to norskar i Spania.» Det er ei grei løysing reint språkleg. Aasmund Olavsson Vinje skreiv norsken, likeins vert det brukt mange stader på Nordmøre og i Trøndelag. Men det vil likevel stri mot norsk språktradisjon og språkkjensla mange har.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement