Fornuftig vedtak av Stortinget
At serveringsstader i ein kommune utan smitte ikkje skal kunna servera alkohol til maten, gjev lita meining og kan ikkje forsvarast som eit naudsynt tiltak mot spreiing av covid-19.
Difor var det eit fornuftig vedtak Stortinget gjorde denne veka då dei overstyrte regjeringa og opna for slik servering i kommunar med ingen eller låg smitte.
Kommunar og område med liten eller ingen koronasmitte treng ikkje vera underlagde dei same reglane som kommunar med mykje smitte. Eit slikt rigid smittevernregime undergrev berre tilliten til heile det nasjonale smittevernarbeidet.
Og dette er ikkje, slik KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad framstiller det, eit vedtak som prioriterer skjenking av alkohol framfor dei eldre. Det er ei fornuftig pragmatisk tillemping av regelverket. Vi må kunna handtera regelverket ulikt, alt etter situasjonen i den einskilde kommunen, for å hindra at verksemder og arbeidstakarar vert råka urimeleg av altfor strenge tiltak.
Vedtaket til Stortinget er dessutan i tråd med tilrådinga frå Folkehelseinstituttet. Dei vil heller leggja vekt på tidleg skjenkjestans, registrering av gjestene og færre gjester i kvart lokale.
Så må ein forventa at kommuneleiingane rundt om i landet, i tett samarbeid med nasjonale styresmakter, klarer å handtera dette klokt og ikkje lèt seg pressa av lokale næringslivsinteresser til å opna for skjenking dersom det ikkje er eit solid grunnlag for det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.