Fornuftig skatt

Publisert

Regjeringa vil innføra grunnrenteskatt på vindkraft og havbruk – og auka skatten på vasskraft. Framlegget har møtt føreseieleg motstand, ikkje minst frå laksenæringa. Lakseselskapet Salmar skriv at det er «en næringsfiendtlig særskatt. En slik særskatt vil ha betydelige negative ringvirkninger for all tilstøtende industri av havbruksnæringen og arbeidsplassene det skaper».

Salmar nemner ingenting om at selskapet i 2021 gav eit utbyte til aksjonærane på 2,26 milliardar kroner. Selskapet Mowi, der skatteflyktningen frå Eidsvoll, John Fredriksen, er største eigar, gav berre i fyrste kvartal i år ut eit utbyte til aksjonærane på over ein milliard kroner. Ein ny milliard vart betalt ut i andre kvartal i år.

Sjefen for Mowi er ifylgje Bergens Tidende no visst i «sjokk» etter framlegget frå regjeringa og skal bruke «all vår energi fremover på å jobbe for at forslaget ikke blir en realitet». I det arbeidet vil dei få hjelp av eit koppel av senterpartiordførarar som no mobiliserer, kallar framlegget eit ran av Kyst-Noreg og varslar eit opprør frå grasrota mot partileiinga.

Men skatten er både fornuftig og rettvis. Det overraskande er at han ikkje er innført for lenge sidan. For dei store inntektene til lakseselskapa er baserte på utnytting av våre felles avgrensa naturressursar, som nokre få selskap har fått kontroll over. At mykje meir av inntektene frå denne næringa skal gå tilbake til fellesskapet, er både rett og rimeleg.

Vil du elles skaffa deg gode argument for ei fornuftig skattlegging av laksenæringa, kan du lesa NOU-rapporten «Skattlegging av havbruksvirksomhet» frå 2019. Fleirtalet i utvalet var tydeleg på at ei grunnrente burde innførast. Diverre vart ikkje framlegget fylgt opp av regjeringa og Stortinget.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement