Fornuftig avgiftsauke

Publisert

Regjeringa vil i statsbudsjettet for 2021 innføra ei trafikkforsikringsavgift for elbilar med same sats som for motorsyklar. Ikkje uventa vert framlegg møtt med store protestar frå Norsk elbilforening, NAF og fleire miljøorganisasjonar.

Elbilforeininga seier at framlegget er ei kraftig skatteskjerping for elbileigarane. Det er mildt sagt ei overdriving. Det er snakk om 2135 kroner i året per elbil. Det er lite for å kunna køyra rundt i ein bil som har ei rekkje føremoner, som billegare parkering, billegare ferjer, billegare bompengesatsar og – ikkje minst – rett til å køyra i kollektivfeltet. Det siste har vore hovudmotiveringa for dei fleste elbilkjøparane rundt storbyane.

60 prosent av nybilsalet i september var elbilar. Dei tre mest selde bilmodellane var òg elbilar. Det er bra, og truleg kjem overgangen til elbilar til å halda fram også utan dei store avgiftsfritaka.

Elbilfritaket vert no dyrare og dyrare for staten, som på sikt vil tapa store inntekter om avgiftspolitikken held fram. I dag har elbileigarane eit avgiftsfritak på 20 milliardar kroner i året. Desse pengane må staten henta inn på andre område. Difor er framlegget til regjeringa fornuftig. Dessutan må ein ikkje tru at ikkje elbilane òg har uheldige følgjer for klimaet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement