JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Fornorskings­politikk og urett

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2236
20230609
2236
20230609

Rapporten til Sannings- og forsoningskommisjonen får tydeleg fram urett og overgrep som er gjorde mot samar, kvenar/norskfinnar og skogfinnar. Det er å vona at rapporten kan bidra til at ålmenta får betre innsikt i kva som har skjedd under fornorskingspolitikken mot desse gruppene, og at tiltaka som vert føreslåtte, kan bidra positivt.

Men ein byrjar på ingen måte på berr bakke. Det er viktig at vi har med oss at det er gjort mykje arbeid i så måte dei siste tiåra, med ILO-konvensjonen, Sametinget, talen til Kong Harald ved opninga av Sametinget i 1997, samerettsutval og samelov. Kvenane har fått status som nasjonal minoritet, kvensk har fått status som eige språk, og det er skipa eit eige kvensk institutt.

Rapporten er interessant, men for underteikna er det uråd å vurdera heilskapen og den faglege kvaliteten. Dette er eit krevjande arbeid som må gjerast av andre. Rapportar av denne typen skal vurderast og kritiserast. Ikkje minst må ein fylgja opp merknaden til ein av medlemene i kommisjonen, Aslak Syse. Han meiner at rapporten ikkje dreg eit klart nok skilje mellom «målrettet fornorskingspolitikk på den ene siden og fornorskingsprosesser i samfunnet på den andre siden».

Framlegga til tiltak frå kommisjonen er derimot lettare å vurdera. Mange av dei er viktige, som ei større satsing på ei gjennomgåande «språkopplæring for kvensk og samiske språk frå barnehage til voksenopplæring» og ei styrking av kunnskapen om samiske, kvenske/norskfinske og skogfinske tilhøve.

Samstundes ber nokre av framlegga preg av ynsketenking. Er det til dømes mogeleg å styrkja pite-, ume- og skoltesamisk, slik at språka på sikt kan inkluderast av minoritetsspråkpakta, slik kommisjonen vil? Det er få, knapt nokon, som talar desse språka i Noreg i dag. Det er òg viktig å vera klar over at visse tiltak kan føra til at andre føler seg tilsidesette. Ein politikk med innslag av særrettar kan skapa nye konfliktar.

I eit tillitsbasert samfunn som det norske vil det store fleirtalet stø opp om mykje av det arbeidet som kommisjonen føreslår. Utfordringa framover vert alle sakene som vil koma om forvaltninga av naturområde og naturressursar knytte til kvenske og samiske interesser.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis