Forhasta boikott
Brått står Freia i søkjelyset i den norske kampen mot Russland.
Foto: Berit Roald / NTB
Det eine selskapet etter andre har gått ut og sagt at dei vil boikotta selskapet og fjerna varene frå hyller og butikkar.
Grunnen er at eigaren av Freia, det amerikanske selskapet Mondelez, tidlegare Kraft Foods, er svartelista av dei ukrainske styresmaktene for ikkje å ha boikotta og trekt seg ut av Russland. Mondelez produserer og sel enno varer i Russland, skattar til Russland og er såleis med på å finansiera den russiske krigen mot Ukraina.
Boikott av selskap som ikkje følgjer opp sanksjonane mot Russland, er bra, sjølv om slike aksjonar sjølvsagt òg vil få konsekvensar for verksemder og arbeidstakarar i Noreg. Det må vi leva med. Men ansvaret for slike tap ligg hjå leiarane for selskapa, ikkje hjå dei som boikottar.
Kva ansvar sjefen for Mondelez, Dirk van de Put, til sjuande og sist tek, veit ikkje vi. Så langt tek han iallfall ansvar for eiga løn. Han tener 180 millionar kroner i året. Skulle Freia-arbeidarane trenga lønsstøtte, kan han lett bidra.
Men boikottaksjonar må uansett vera innanfor avklara og fornuftige rammer. EU har laga slike rammer som vi i Noreg bør følgja. Mondelez står per i dag ikkje på EUs liste over verksemder som bør boikottast.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.