Leiar
Forfeila forskrift
Sarah Gaulin, dagleg leiar i LIM, fekk i 2025 Fritt Ords Honnør.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Den 9. april dumpa det ned ei melding til organisasjonen Likestilling, integrering, mangfold (LIM): «IMDi avslår søknaden om driftstilskudd.» Staten ved Integrerings- og mangfaldsdirektoratet vil ikkje lenger gje driftsstøtte til LIM. Andre som mister støtta, er Minotenk, Samora, Fargespill, Utrop og Organisasjonen mot offentlig diskriminering (Omod).
Avslaga kom etter at Arbeids- og inkluderingsdepartementet kom med ei ny forskrift om tilskot til integreringsarbeid i regi av friviljuge organisasjonar, gjeldande frå 1. januar i år.
LIM vart skipa i 2010 av liberale muslimar. Mange av dei tydelege røystene i den norske integreringsdebatten har vore knytte til LIM – som Walid al-Kubaisi, Lily Bandehy, Sylo Taraku, Tina Shagufta Kornmo, Mahmoud Farahmand, Dana Manoucherhi, Shabana Gaarder Rehman og mange fleire. Dagleg leiar i dag er Sarah Gaulin.
Organisasjonen driv med dialogarbeid, held føredrag, deltek i debattar og kjem med politiske innspel. Ifylgje departementet oppfyller LIM «dermed deler av kravene» i den nye forskrifta. Men det er visst ikkje nok. IMDi meiner blant anna at dei ikkje innfrir «kravet om å levere tjenester og tiltak som bidrar til deltakelse og integrering nasjonalt».
Dermed, vips, ut med dei. Bort med støtta dei har fått sidan 2012 – to millionar årleg sidan 2018. Vert vedtaket ståande, er organisasjonen konkurs til hausten.
Kva slags integreringspolitikk er dette? Her står vi i fare for å mista ein organisasjon som har stått opp for sekulære og liberale verdiar i innvandringsdebatten, og som har vore ei viktig motvekt til synet til konservative, særleg muslimske, innvandringsmiljø. Direktoratet har fått oversendt det som LIM har fått til og gjort dei siste åra. Lista er imponerande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.