Førebygging mot valdDen svenske avisa Aftonbladet la denne veka fram urovekkjande tal om gjengkriminaliteten i Sverige. Dei siste sju åra er 131 menneske drepne og 520 skadde i skyteepisodar. Totalt har dei registrert 1500 skyteepisodar.

Publisert

Den svenske avisa Aftonbladet la denne veka fram urovekkjande tal om gjengkriminaliteten i Sverige. Dei siste sju åra er 131 menneske drepne og 520 skadde i skyteepisodar. Totalt har dei registrert 1500 skyteepisodar.

Og dette er berre tala for tre svenske byar: Malmö, Göteborg og Stockholm. Mange andre byar opplever òg mange drap og mykje vald frå gjengar. Dessutan er tala berre knytte til gjengkriminalitet, ikkje drap og vald generelt.

Politisjefen i Stockholm, Gunnar Appelgren, seier at tala er skremmande, at han ikkje ville ha trudd på ei slik utvikling for ti år sidan, men at utviklinga i andre land burde ha gjeve dei ein tydelegare peikepinn på kva som kunne koma til å skje – òg i Sverige. Han peikar på stor tilgang på våpen frå Balkan og at Sverige har fått ein ny generasjon unge kriminelle som «er lettkrenkte og som nyttar ekstrem vald».

Dei store innvandringsbydelane er overrepresenterte i gjengkriminalitetsstatistikken. Ein av grunnane til dette kan vera at flyktningane i Sverige kan busetja seg der dei vil, gjerne hjå slekt og vener, medan dei ventar på svar på om dei får asyl eller ikkje. Det har ført til større gettoutvikling i Sverige og dårlege butilhøve i desse bydelane, med høg arbeidsløyse og aukande fattigdom.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement