Førebygging av kriminalitet nyttar

Publisert Sist oppdatert

Dag og Tid skriv denne veka om nedgangen i kriminaliteten i Groruddalen i Oslo. Utviklinga er svært gledeleg. Det syner at innvandring ikkje treng å føra til meir kriminalitet. Og det syner kor viktig det er å ha eit godt politi med kloke leiarar.

For det kunne lett gått andre vegen i Groruddalen, med auka gjengkriminalitet og mange unge kriminelle gjengangarar inn og ut av varetekta til politiet. Men no er kriminaliteten mindre i Groruddalen enn i resten av Oslo.

Kva er suksessformelen? Godt etterretningsarbeid for å få stogga austeuropeiske kriminelle på grensa. Det er det eine. Austeuropearar har stått for mykje av innbrotskriminaliteten i Noreg. Den type kriminalitet har gått mykje ned i Noreg i det siste.

Men spesifikt for Groruddalen har vore ei storsatsing på førebygging blant lokalbefolkninga. Politiet har full oversikt over kven ungdomane i risikosona er. For talet på kriminelle ungdomar er ikkje høgre enn at det er mogeleg å halda kontroll på dei, om ein har ressursar nok.

Politiet er til stades på skulane og i lokalmiljøa og kan namna på ungdomane. Og i motsetnad til politiet i mange andre land fører dei ikkje ei konfronterande line, men satsar på dialog. Det har synt seg effektivt. Det er no i liten grad dei fastbuande som driv kriminalitet i Groruddalen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement