For lite pengar til domstolen

Publisert Sist oppdatert

Den manglande kapasiteten til norske domstolar er eit stort problem. Diverre vil ikkje framlegget til neste års statsbudsjett betra på situasjonen. Dette er alvorleg etter fleire år med nedskjeringar i domstolsadministrasjonen gjennom den såkalla avbyråkratiserings–?og effektiviseringsreforma.

Det er overraskande at regjeringa ikkje har teke inn over seg situasjonen og gjort noko med han. For alt i eit godt og grundig brev frå februar i år, til statsråd Per Willy Amundsen i Justis–?og beredskapsdepartementet, skriv domstolsadministrasjonen at situasjonen er vanskeleg.

Domstolsadministrasjonen peikar i brevet på at nærare halvparten av domstolane ikkje innfrir måla Stortinget har sett for sakshandsamingstider. Grunnen er ein sterk auke i saksinngangen dei siste 10 åra – tilsvarande 80 årsverk. Straffesaker som ligg på vent i tingrettane, har sidan 2008 auka med 30 prosent, eller 1000 saker.

I ein slik situasjon kjem ein ikkje med generelle krav om innsparingar. For vi talar ikkje her om kutt i heilt vanleg byråkratisk forvaltning, men i ein av berebjelkane i rettsstaten vår.

Dessutan er det vanskeleg å spara pengar i domstolsadministrasjonen. Partane i straffesaker har eit rettskrav på å få saka si handsama. Domstolane kan såleis ikkje spara pengar på prioritera bort nokre saker her og nokre saker der. Alle saker må handsamast. Dessutan er verksemda i domstolane strengt lovregulert, noko som òg gjer innsparing vanskeleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement