Dei mange migrantane og flyktningane som prøver å koma over Middelhavet til Europa, er ei av våre største moralske, politiske og praktiske utfordringar i dag. Og det er diverre ingen eintydige svar på korleis ein skal løysa krisa. Dei som måtte ha bastante meiningar, er det difor liten grunn til å lytta til.
Men dei fleste er likevel samde om at ein så raskt som mogeleg må auka bergingskapasiteten i Middelhavet for å hindra nye tragiske drukningsulukker.
Deretter står vi overfor minst to alternativ. Vi kan ta mot flyktningane som kjem til Europa, og integrera dei etter beste evne. Det er ein naturleg moralsk reaksjon og i tråd med europeisk etterkrigshistorie.
Men med så mange flyktningar som det no er tale om, vil ikkje det vera mogeleg særleg lenge. Til det er presset for stort. Samstundes vil det oppmuntra fleire til å freista å koma seg over havet – også dei mange som ikkje har eit reelt behov for vern.
Eit alternativ er difor at EU leiger og etablerer flyktningleirar i nærleiken av dei områda båtflyktningane kjem frå. Om det er praktisk mogeleg å få til slike flyktningleirar, vil det, om ikkje stogga, så iallfall få ned talet på mange av dei som reiser av økonomiske årsaker.
EU, eller FN, må ta eit fullt folkerettsleg ansvar for flyktningleirane. Dei reelle flyktningane vil med ei slik ordning om ikkje anna kunna få ein trygg stad å vera til situasjonen i heimlandet har betra seg, jamvel om ein slik flyktningleir er ein vanskeleg stad å vera.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.