Flyktningkrisa

Publisert Sist oppdatert

«Dersom det er mulig, (må vi) prioritere å gi hjelp i den regionen som flyktningene kommer fra, istedenfor å bruke enorme midler til å forflytte og integrere flyktninger i land som ligger langt borte», skreiv dåverande statssekretær i Utanriksdepartementet og noverande generalsekretær i Flyktninghjelpa Jan Egeland i 1993.

Dette stod i boka Dagens folkevandringer. Berører de oss?, redigert av migrasjonsforskar Astri Suhrke og underskrivne. Eg trur Egeland hadde rett i 1993 – og trur det same synspunktet er gyldig i dag.

Boka var ein freistnad på å diskutera det internasjonale migrasjons–?og flyktningsystemet på ope og fritt grunnlag. Kven skal hjelpast, og kor mange skal vi ta imot i Noreg og resten av Europa? Skal vi hjelpa ute eller heime? Kva er praktisk mogeleg og moralsk forsvarleg?

Arbeidet med boka har i ettertid prega mitt syn på korleis Europa bør handtera store flyktningkriser, som den vi har i Syria i dag. Ikkje korleis vi skal handtera politiske og religiøse asylsøkjarar som flyktar frå tortur og forfylging – dei må handsamast individuelt og få asyl – men korleis vi møter masseflukt frå krigsområde og naturkatastrofar. I slike situasjonar må vi hjelpa flyktningane i nærområda.

Dei flyktningane som likevel kjem til andre område på eige initiativ, skal få vern, men må reisa tilbake til heimlandet om konflikten ikkje dreg ut i altfor lang tid. Tilbakevending og repatriering av flyktningar er avgjerande for å atterreisa landet og ein føresetnad for å kunna hjelpa når ei ny krise oppstår.

Mykje av det same meinte òg Jan Egeland i 1993: «Dersom en kan få til en ordning med å gi flyktningene midlertidig opphold til konflikten er over og folk kan vende hjem, kan en ha håp om å hjelpe flere.» Egeland peika i ein annan samanheng på kor absurd den norske ressursbruken var når ein brukte meir pengar på å integrera bosniarar i Norden enn kva FN nytta på flyktningar i og rundt Bosnia-Hercegovina.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement