Flyforbodssone og MiG-29

Publisert

Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj har den siste veka gått hardt ut mot Nato og bede dei om å oppretta ei flyforbodssone og stengja luftrommet over Ukraina. Om så ikkje skjedde, ville Nato i praksis gje Russland fritt leide til å bomba ukrainske byar og såleis stå ansvarleg for at mange menneske ville døy.

Det er sterke, men forståelege ord frå ein statsleiar som desperat forsvarar landet sitt mot Russlands kriminelle krig.

Svaret frå Nato var likevel eit klart nei til ei flyforbodssone. Det var eit viktig avslag. For ei slik sone ville ført til at Nato ville hamna i direkte militære trefningar med Russland, med stor fare for full krig i Europa.

Å senda polske russiskbygde MiG-29 jagarfly via USA til Ukraina, slik Polen har føreslått, ville òg ha vore ei avgjerd som på farleg vis kunne ha tilspissa situasjonen mellom Russland og Nato.

Framlegget er no avvist av forsvarsministeren i USA. Men det kunne ha gått annleis. USAs utanriksminister, Antony Blinken, var sist sundag positiv til framlegget. Eller, som han sa: «Vi ser på framlegget very, very actively.» Heldigvis vart han overprøvd. At utanriksminister Blinken er open for meir aktiv våpenbruk, er ikkje overraskande. Blinken var ein av pådrivarane for bombinga av Libya i 2011.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement