JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Flukta til prisonen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2244
20230811
2244
20230811

Den flytande brakkeriggen «Bibby Stockholm» som blei innflytt denne veka i hamna i Portland i Dorset, minner om ein gamal og illkjend britisk praksis. Innkvartering på prison hulks – skip som flyt, men ikkje er sjødyktige – var mykje bruka til straffangar i Storbritannia frå 1776 og dei neste 80 åra.

Revoltar i den amerikanske kolonien gav god tilgang på kvesta skip, og då kolonien vann sjølvstendekrigen mot britane, hopa fangane seg opp på dei flytande prisonane me kjenner frå «Terje Vigen» – straffangar var ikkje lenger velkomne til USA. (Slik oppdaga britane på nytt Australia i ei skuff med gamle kart etter James Cook, men det er ei anna soge).

Historia er innbakt i nyhendet om «Bibby Stockholm». Denne gongen er ikkje føremålet å fylla koloniane med britiske lenkegjengar. No er poenget å mana fram dei gamle skremmebileta for å hindra at folk frå koloniane søkjer seg til Storbritannia.

I seg sjølv er «Bibby Stockholm» ein heilt OK brakkerigg, hundre meter lang, i tre etasjar. Han har tidlegare husa oljearbeidarar som er vande med høg standard, og han har sirkulert i Europa som hybelhus for heimlause, studentar og – sist – anleggsarbeidarar i Sverige.

No er både eine- og fellesromma møblerte med køysenger. Slik skal eit halvt tusen mann, for dei er alle einslege menn, få plass på denne eine riggen.

Det er ikkje billigare å driva flytande asylmottak enn å driva mottak på den britiske landjorda, syner reknestykka til avisa Guardian. Vinsten i «Bibby Stockholm»-riggen ligg i eit rykte så dårleg at asylsøkjarane søkjer seg andre stader.

Den britiske regjeringa lèt til å meina alvor. Ettersom freistnaden på å senda asylsøkjar til Rwanda førebels har stranda i retten, trugar ho med å senda småbåt­flyktningar til øya Ascension i Sør-Atlanteren, nord for Tristan da Cunha, og St. Helena som er eit anna PR-gufs frå Napoleonskrigane. Det var der keisaren enda sine dagar i einsemd etter slaget ved Waterloo.

Noreg avslutta, får vona vera, eksperimenteringa med flyktningskip i 1987, då tre hundre flyktningar og asylsøkjarar var innkvarterte ved Oslo hamn på den svenske amerikalinjas gamle M/S «Stockholm». Det hjelpte lite å døypa skipet om til «Fridtjof Nansen» og kalla det «flotell».

Johan Brox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis