Brotet med Kina har vore ei av dei største utanrikspolitiske sakene i norsk etterkrigstid. Ei stormakt, og verdas nest største økonomi, bryt altså all diplomatisk kontakt og legg hindringar for eit godt økonomisk samkvem.
No er samkvemmet med Kina normalisert gjennom ein avtale som vart kjend denne veka. Er avtalen til å leva med? Om du er klassisk utanrikspolitisk realist og vil ha gjennomslag for norske interesser, er han det. Kina er langsur og hadde vore truande til å halda fram med boikotten i årevis. Dessutan orsakar ikkje Noreg seg i avtalen for noko som helst. Avtaleteksten er i så måte passe vassen. Resultatet er at handelen med Kina no kan auka – ei viktig oppgåve for norsk diplomati.
Men teksten kan òg lesast på ein heilt annan måte. Teksten er vassen, ja, men likevel ikkje til å mistyda. Det står at Noreg «fullt respekterer Kinas suverenitet og territoriale integritet» – sjølvsagt. Men så kjem det:
Vi skal ikkje undergrava Kinas kjerneinteresser, og gjera «vårt beste for å unngå framtidige skadar på dei bilaterale relasjonane».
Med bakgrunn i grunnen til at brotet skjedde – Kina boikotta oss etter at Nobels fredspris gjekk til Liu Xiaobo –, kan dette ikkje lesast på annan måte enn at Noreg ikkje skal kritisera Kina offentleg i menneskerettssaker av ulikt slag. Eller «fornærma» dei, som det ofte heiter når det gjeld Kina.
Og kva med setninga at Noreg «respekterer Kinas utviklingsveg og sosiale system». Gjer vi det? Vel, det er jo nett dette autokratiske eller totalitære systemet som Kina held seg med, som ser menneskerettar og demokrati som eit trugsmål.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.