Fiskerimelding utan nok kraft
Regjeringa kom denne veka med stortingsmeldinga Folk, fisk og fellesskap, som etter det dei hevdar, skal gjera fiskerikvotefordelinga meir føreseieleg og rettferdig.
Regjeringa skriv i sin eigen presentasjon: «Fisken tilhøyrer alle i fellesskap.» Ei slik opplysing skulle sjølvsagt vore unødvendig å ta med, men ho trengst. For norsk fiskeripolitikk har ikkje alltid vore til beste for fellesskapen.
Det er ikkje så lenge sidan 2004, då Bondevik-regjeringa og fiskeriministeren frå Høgre innførte «evigvarande fiskekvotar». Det var eit dramatisk brot med prinsippa for det som burde vore ein fiskeripolitikk for fellesskapen.
Og det var med minst mogeleg margin at fleirtalet i Høgsterett, ni mot åtte dommarar, gav Stoltenberg-regjeringa medhald i at desse evigvarande kvotane heldigvis kunne avviklast, og at tidsavgrensinga også kunne ha tilbakeverkande kraft.
Det er fleire positive sider ved stortingsmeldinga frå regjeringa: Ho syner ei forståing for at fiskeria er særs viktige for busetjinga langs kysten, og at det trengst tiltak for at den minste kystflåten, båtar under 11 meter, har levedyktige vilkår. Dessutan syner regjeringa ein vilje til å hindra at for mange kvotar vert samla på få reiarar.
Men fleire av tiltaka er for puslete. Dei konkrete framlegga i meldinga vil ikkje få store nok verknader. Om ein verkeleg skal få til endringar og få stansa den uheldige sentraliseringa som fiskeria vår har vore utsette for, må det sterkare lut til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.