Samstundes som Stortinget skulle vedta nytt kvotesystem, kom Riksrevisjonen sist veke med ein gjennomgang av kvotesystemet i kyst- og havfisket i perioden 2004–2018. Ifylgje Riksrevisjonen har lønsemda i næringa auka. Det er bra.
Men nedsida er at færre eig fiskefarty og fiskekvotar. Til dømes eig ti selskap no 80 prosent av torsketrålkvotane, mot 25 prosent i 2004. Rett nok utgjer trålarkvoten under ein tredjedel av totalkvoten for torsk, men dette er likevel ei sterk sentralisering. Dessutan syner rapporten frå Riksrevisjonen at auka kvoteprisar gjer det vanskelegare å rekruttera nye fiskarar, og at fleire fiskerikommunar har fått mindre aktivitet. Dette medverkar til avfolking langs kysten vår. Lite tyder på at vedtaket som Stortinget låg an til å gjera i går (før Dag og Tid gjekk i trykken), vil snu denne utviklinga.
Ein god fiskeripolitikk er vanskeleg å få til, og ein kan ikkje stogga den teknologiske utviklinga. Likevel er det mogeleg å hindra at maktkonsentrasjonen blir for sterk. Samfunnet ville aldri godteke at store delar av gardane i Noreg vart eigde av ei handfull storselskap. Kvifor tillèt vi det i fiskerinæringa? Heng det saman med at vi i Noreg konsekvent har nedvurdert kystkulturen i motsetnad til innlandet og jordbrukskulturen?
Nullpunktet i norsk fiskeripolitikk kom då Bondevik-regjeringa i 2004 gav fiskebåtreiarane høve til å kjøpa seg evigvarande kvotar. Det var ei absurd ordning. Fiskeressursane må vera eigde av fellesskapen og kan ikkje privatiserast til evig tid på denne måten. Heldigvis vart ordninga oppheva av den raudgrøne regjeringa, eit vedtak som Høgsterett kjende lovleg i 2013.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.