Felles initiativ mot Saudi-Arabia

Publisert Sist oppdatert

Drapet på den regimekritiske journalisten Jamal Khashoggi i det saudiarabiske generalkonsulatet i Istanbul er ei grotesk sak. Eller for å seia det med William Nygaard i kronikken som han skreiv saman med Mads Andenæs i VG denne veka: «Det går kaldt nedover ryggen når man leser tyrkiske myndigheters beskrivelser av drapet.»

Saudi-Arabia har i årevis vore eit sterkt kritikkverdig regime. Alle bør lesa boka som kom ut i fjor, Terrorens rike, av den tidlegare norske ambassadøren til Saudi-Arabia, Carl Schiøtz Wibye. Der skildrar Wibye korleis landet aktivt gjennom den såkalla wahhabismen har radikalisert islam og støtta opp om konfliktar internt mellom muslimar og mellom muslimar og ikkje-muslimar.

Nygaard og Andenæs krev klare tiltak frå norsk side mot Saudi-Arabia i Khashoggi-saka. Som til dømes å utvisa dei saudiarabiske diplomatane i Noreg som driv etterretningsarbeid mot saudiarabarar i eksil.

Viljen til tydelege norske reaksjonar er forståeleg. Men skal ein koma nokon veg, må ein få til ein felles europeisk reaksjon. Ein kjem ikkje langt mot eit regime som Saudi-Arabia utan. Landet har for mykje makt og for mykje pengar til at ein einskild reaksjon frå Noreg nyttar.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel