James Bennet gjekk denne veka av som redaktør for kronikkstoffet i New York Times, etter å ha trykt ein artikkel av senator Tom Cotton som argumenterte for å nytta militæret for å stogga dei valdelege demonstrantane i USA.
New York Times meiner no at artikkelen til Cotton ikkje burde vore trykt, og har fjerna han frå nettet. Saka har vekt stor merksemd både i USA og internasjonalt og vert brukt som eit nytt døme på at dei redaktørstyrte media snevrar inn kven som får sleppa til i avisspaltene.
Grunngjevinga for å fjerna kronikken er interessant. New York Times skriv at avisa gjorde eit dårleg redaksjonelt arbeid, at artikkelen inneheld feil, og at dei burde ha gjeve skribenten meir motstand før trykking. Det siste skal liggja i gena til redaktørstyrte medium og er avgjerande for å sikra ei truverdig avis. Det har ikkje skjedd her. Kronikkredaktøren har til og med vedgått at han sjølv ikkje las artikkelen.
Vi er sterkt usamde med Cotton: Å nytta militæret for å slå ned dei valdelege opprørarane ville vore både grunnlovsstridig og særs uklokt. Men det må vera lov å argumentera for eit slikt synspunkt. Avisene må gje rom for ulike meiningar, sjølv om dei bryt med den redaksjonelle lina til avisa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.