JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Farleg spel
av KrF-arar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1835
20190215
1835
20190215

Det kan lett gå ille med KrF. Ikkje på grunn av ufine åtak frå andre parti. Problema partiet slit med, er stort sett sjølvpåførte.

Sist helg såg vi eit nytt døme på sjølvskading då den fyrste konferansen til nettverket Drivkraft vart arrangert. Ein organisasjon som står fram som kritisk til den lina fleirtalet i KrF har valt.

Det er smått utruleg, men der var altså Knut Arild Hareide og Kjell Magne Bondevik, saman med initiativtakarar som tidlegare nestleiar Odd Anders With og leiar i Akershus KrFU Simen Bondevik.

Drivkraft skal arbeide for: «Grenseløs rettferdighet og mer solidaritet; klima og bærekraft; forkjørsrett for liv og menneskeverd; human flyktning- og asylpolitikk – ikke fremmedfrykt og trygghet og respekt i arbeidslivet – ikke utnytting.» Interessant nok er alt dette noko alle i KrF er for, anten dei var blå eller raude i haust.

Å skapa slike alternative organisasjonar i randsona av eit parti etter ein opprivande intern konflikt er skummelt. Sjå berre på Venstre etter EF-striden i 1972. Det er merkeleg at initiativtakarane og deltakarane på konferansen sist helg ikkje skjønar det.

Knut Arild Hareide har eit særleg ansvar her. Som tidlegare leiar må han trø særs varsamt for ikkje å skada sitt eige parti. I ein slik situasjon har ein ikkje så mange alternativ. Anten stiller ein opp for den lina fleirtalet har valt, eller så teier ein still, eller melder seg ut. Ein nyss avgått leiar kan ikkje fylgja lina til SV-arane som demonstrerte utanfor plenen mot eige parti i regjeringa. Han må medverka til å samla partiet.

Eit anna spørsmål er om det er mogeleg. Kampen i haust og tida etterpå har openberra at partiet er sett saman av minst to særs ulike leirar, og kanskje ikkje eingong Israel-spørsmålet sameinar dei lenger.

Svein Gjerdåker

Artikkelen er korrigert 15.02.19

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis