Farleg krig

Publisert Sist oppdatert

Syria-konflikten held verda i spaning. Det kan no gå mot amerikansk bombing. At president Obama gjekk til Senatet og Kongressen for å få deira tilråding, er ikkje eit teikn på at han er usikker og svak. Det er taktisk lurt av han for å ha ryggen meir fri om krigen skulle verta ei belastning for USA.

Men det er enno von om at bombinga kan unngåast. Den siste veka har på nytt synt at ingen ynskjer å involvera seg militært i denne konflikten. Du kan fort enda opp som ansvarleg for krigen til han er over. Og det kan ta langt tid. Dessutan er Syria-konflikten arena for klassisk storpolitikk. Det handlar ikkje berre om edle motiv og om å verna Syrias sivile, men storpolitiske vurderingar og konsekvensar.

Ta berre omsynet til Israel, som vil vega tungt for kva USA gjer og ikkje gjer. Israel har tidlegare signalisert at dei ynskjer ein amerikansk intervensjon i Syria for å halda oppe amerikansk truverde i området – som jo israelsk tryggleik er avhengig av.

Men Israel er sjølvsagt godt kjende med at opprørarane i Syria er ei samansett gruppe med farlege undergrupper – som Al-Qaida. Såleis er det mange i Israel som meiner ein er best tent med Assad, som trass i alt er ein fiende dei kjenner godt frå før.

Difor trekte Benjamin Netanyahu denne veka tilbake ei utsegn frå ein av ministrane hans der han samanlikna den amerikanske nølinga i Syria med den vestlege handlingslamminga under holocaust. For israelarane veit godt at ein amerikansk krig mot Syria vil vera farleg. Jamfør noko Irans tidlegare ambassadør i Syria, og ein av studentane bak gisselaksjonen mot den amerikanske ambassaden i Teheran frå 1979 til 1981, Hossein Sheikholeslam har sagt: Om USA går til åtak, «vert sionist-regimet det fyrste offeret».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement