Farleg blanding

Publisert Sist oppdatert

To hendingar kan illustrera kvifor vi har fått terroren som no råkar Europa: demonstrasjonane mot Salman Rushdie i London i 1989 og USAs utanriksminister Colin Powells tale i FN 6. februar 2003.

I 1989 gjekk 20.000 muslimar gjennom gatene i London og demonstrerte mot Salman Rushdie og boka Sataniske vers. Fleire demonstrantar fortalde til BBC at dei ville ha drepe Rushdie eigenhendig om dei hadde fått høve til det. Demonstrasjonen enda med at ei Rushdie-dokke var maltraktert og brend.

Ropa mot Rushdie var berre ytringar. Men slike hatske ytringar som vi såg i London, og i dei seinare demonstrasjonane mot karikaturteikningane, har bidrege til radikalisering av visse muslimske ungdomsmiljø. At ein utan sanksjonar får ropa «død over Rushdie» på gata i Europa, er ei opning for somme til å gå eit steg lenger i militant retning.

Den andre hendinga er utanriksminister Colin Powell som sit i FN og fortel fabrikkerte opplysningar om Irak og Saddam Husseins masseøydeleggingsprogram, understøtta av billege teikningar av atten påståtte trailerar som skulle transportera dei mobile masseøydeleggingsfabrikkane rundt om i Irak.

I FN-salen, vend til heile verda, la Powell til rette for USAs og Englands bombing av Irak og den seinare destabiliseringa av landet og regionen. Powells tale syner oss kor langt USA og Vesten har gått for å kunna styra og dominera Midtausten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement