Fare for attval av Erdogan
President Erdogan fekk ikkje fleirtal ved presidentvalet sist helg. Men partiet hans vann parlamentsvalet, og mykje tyder på at han vil vinna andre valrunde neste helg. Om det skjer, er det eit stort tilbakeslag for opposisjonen, som hadde stor von om å verta valvinnar.
Under Erdogan har Tyrkia gått i meir og meir autoritær retning. Oppsummeringa frå Human Rights Watch for 2022 er eintydig: Regjeringa til president Erdogan har i stort tempo og i stort omfang dei siste åra svekt menneskerettsvernet og forfølgt og fengsla kritikarar og opposisjonelle.
Lenge var det tale om at Tyrkia skulle verta medlem av EU. På EU-møtet i Helsingfors i 1999 vart Tyrkia eit kandidatland. Landet byrja tilpassinga mot EUs regelverk og arbeidet med å byggja opp stabile institusjonar som vernar om demokrati, rettsstat og ein fungerande marknadsøkonomi. I starten gjekk tilpassinga nokolunde, og i 2004 tilrådde Europakommisjonen medlemsskapsforhandlingar.
Men det heile var ei ynsketenking. Tyrkia hadde ikkje den demokratiske framgangen som måtte til. Dessutan har mange i EU vore imot tyrkisk medlemskap av frykt for auka innvandring. Brosjyren som brexitkampanjen delte ut på sjølve valdagen i 2016, handla nettopp om å skremma med eit framtidig tyrkisk EU-medlemskap.
I dag er eit Tyrkisk EU-medlemskap utan realisme. Det er til og med vanskeleg å skjøna at landet er med i Nato, etter at dei har laga store problem for ein svensk medlemskap. Men i internasjonal tryggingspolitikk trumfar geopolitisk rolle det meste.
Tyrkia er eit stort og viktig land på grensa mellom Europa og Midtausten og dessutan sentralt for å handtera flyktningutfordringane til EU. Difor veit Erdogan, om han vinn andre valrunde, at han kan tura fram som han vil, utan store internasjonale konsekvensar.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.