Byrådet i Oslo vil stengja indre Oslo sentrum for bilar. Bra! Området det er tale om, er innanfor ring 1. Altså området innanfor Nationalgalleriet, Tinghuset, Oslo S, Operaen og Aker Brygge.
Men ein må ikkje ha illusjonar om at denne vesle bilfrie sona vil ha nokon særleg effekt på klimaproblema som Noreg og verda står overfor. I den samanheng er det sjølvsagt eit reint symboltiltak. Og omlegginga vil skapa mange utfordringar. Det er ikkje sikkert at det går som ein hadde tenkt. Kanskje må det i ein lang overgangsperiode vera mange unnatak og dispensasjonar.
Og heilt bilfritt blir det ikkje. Handverkarar må få kunne får køyra inn i sentrum, likeins folk som bur i området, det same med taxiane, rørslehemma, varehenting til og frå osv.
Men det gjev ei retning, og det er ein god start for å gjera Oslo sentrum til eit meir attraktivt byområde. Betre luft, mindre svevestøv og mindre støy i sentrum er eit gode som kan styrkja byen.
Det er slike kursskifte som må til for å få mindre bilbruk inn og ut av byane våre, og få til det krevjande arbeidet det er å få meir av reisene over på kollektivtransport.
Og det er mange byar å læra av – som Freiburg i Tyskland. Der er sentrum stengt for bilar. Dessutan har dei gjennomført ei storsatsing på kollektivtransport. Og dei har gjort Freiburg til ein sykkelby. Byen har 420 kilometer med sykkelstiar i alle retningar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.