Etterarbeidet

Publisert

Vi skriv denne veka om den nye NOU-rapporten Norge mot 2025 som vurderer korleis konsekvensane av virusutbrotet, smitteverntiltaka, utviklinga i internasjonal økonomi og dei økonomiske mottiltaka vil påverka norsk økonomi dei neste åra.

Som det står i rapporten, har krisetiltaka til no avgrensa talet på konkursar, oppseiingar og tap av arbeidsplassar. Det har vore særs viktig. Den store utfordringa kjem når kompensasjonsordningane skal avviklast. Utvalet vil avvikla ordningane for næringslivet samstundes med at ein avviklar dei mest inngripande smitteverntiltaka.

Sjølv om det kan vera rom for unntak, høyrest det fornuftig ut. Pandemien vil føra til at fleire jobbar forsvinn, men at dei vonleg vert erstatta av nye. Vi har alt å tena på at den omstillinga skjer raskt. Særleg gjeld det for yngre arbeidstakarar med låg utdanning. Dei må ikkje gå for lenge i ulike permisjonar for så til slutt berre oppleva at den opphavlege jobben likevel forsvinn. Då aukar sjansen for meir varig arbeidsløyse.

NOU-rapporten føreslår ulike tiltak for dei som mister jobben. Men mange av tiltaka høyrest for diffuse ut – som «etter- og vidareutdanning», «bransjeprogram og regionale møteplasser» og «stimulere til kompetanseheving i klyngeprogrammene». Som lågt utdanna arbeidstakar som står i fare for å verta arbeidslaus, kan ein ikkje slått meg til ro med det.

Det mest interessante framlegget i rapporten er meir langsiktig. Utvalet føreslår ein gjennomgang av skattesystemet for å finna ut kva som kan justerast for såleis å sikra produktivitetsvekst og betre fordeling. Som til dømes nye skatteordningar som fører investeringar over frå bustad og eigedom til investeringar i næringslivet og nye arbeidsplassar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement