Eit varsla opprør

Publisert

Storminga av Kongressen var inga overrasking. Trump har spela opp til denne aggresjonen og flørta med valdelege rørsler i årevis. Det er noko også tilhengarane hans i Noreg burde ha fått med seg. Det som skjedde, var eit resultat av Trumps konspirasjonstenking frå fyrste stund – især frå sommaren 2020, alt då gjorde han det klart at valet ville bli manipulert.

Trass i Trumps talar og framferd kunne det før jul sjå ut som om han ville kunne halda på den dominerande posisjonen sin i Det republikanske partiet også etter at han går av som president.

Men etter storminga av Kongressen onsdag og hans katastrofale respons på det som skjedde, der han ikkje tydeleg fordømde hendingane, er det no knapt tenkjeleg at Trump vil kunna ha ein slik maktposisjon framover.

Det republikanske partiet må no prøva å berga truverdet sitt. Altfor mange har vore med og støtta opp om Trumps påstandar om valfusk og har vore sterkt medskuldige i den tilspissa situasjonen som landet no er i.

Truverdet til det amerikanske demokratiet vart berga av domstolane. Dei avviste, med dommarar utnemnde både frå Det republikanske og Det demokratiske partiet, det eine søksmålet etter det andre initiert av sentrale republikanske politikarar.

Men dei medvitne kampanjane frå Trump og hans støttespelarar har hatt gjennomslag. Svært mange av dei republikanske veljarane trur på Trump og hans konspirasjonsteoriar. Alt må no setjast inn på å tona ned konfliktane og ikkje lenger oppelda dei republikanske veljarane til å tru at Biden vart vald på falsk grunnlag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement