JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Eit væpna folk utan forsvar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2066
20190125
2066
20190125

No har til og med forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen oppdaga det som mange, vener og fiendar, vel har sett for lenge sidan: Det norske forsvaret er for lite.

I ein tale i Oslo Militære Samfund måndag kveld greidde forsvarssjefen ut om årsaker og verknader, men referatet i Aftenposten sa lite om verneplikta, som lenge har vore ein illusjon.

Godt vaksne menn i Noreg veit og meiner mykje om Forsvaret av di dei fleste har gjort teneste der i minst tolv månader. Nokre har vore ein mannsalder i Heimevernet. Somme av oss byrja til og med i våpentrening alt som 16-åringar i Ungdomsheimevernet. Det gjorde oss ikkje til dei elitesoldatane som i dag krevst til skarpe Nato-oppdrag i fjerne himmelstrok. Men noko gjorde det med oss, og kan hende gjorde me òg noko med Forsvaret?

Verdien av ålmenn verneplikt er omstridd, men ordninga har i alle høve påverka det norske samfunnet i eit par hundre år. Det er ikkje minst sams erfaringar som gjer oss til ein nasjon, er det sagt. Verneplikt har difor vore eit mål i seg sjølv, til dels i strid med interessene til Forsvaret. No lèt Forsvaret til å ha vunne den striden.

Kva er tapt? Kjensla av at Forsvaret vedkjem oss, den sams opplevinga det er for ungdom å reisa heimanfrå for å øva seg på å forsvara landet. (Eller nekta militærteneste, for den del, argumentera godt for det og få sivilteneste.) Våpenkunnskap og våpenkultur er tapt hjå nye generasjonar, og det er det vesle poenget her.

I norske heimar finst 1,2 millionar registrerte hagler og rifler, og kven veit kor mange uregistrerte. Difor er det å ha ein kolerisk sersjant på vårt indre øyra som masar om sluttstykke i bakre stilling, ein god ting. Ein kan seia mykje fint om dataspel, men dei lærer ikkje ungdomen våpenkultur eller våpenrespekt.

Ungdomsheimevernet vart avvikla i 2016, mest ingen av borna våre skal gjera militærteneste, og organisert jakt er for dei få (200.000 betalte jegeravgift i 2018). Utan hjelp frå Forsvaret, kven tek ansvar for at nye generasjonar anten blir opplærte våpenbruk – eller avvæpna?

Johan Brox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis