Eit norsk Syria-initiativ

Publisert Sist oppdatert

FNs siste rapport frå Syria fortel at over 11 prosent av folkesetnaden i Syria er drepne eller skadde som følgje av den no fem år gamle krigen i landet. 470.000 menneske er drepne. Det er ein stor auke i omfanget frå tidlegare tal. 45 prosent av folket er på flukt – seks millionar er internt fordrivne, fire millionar har flykta frå landet. Fattigdomen i landet er massiv, og respekten for einskildmenneska har brote fullstendig saman. Det seier seg sjølv at alt må gjerast for å få slutt på krigen.

Samstundes må omverda støtta nabolanda, som Jordan, Libanon og Tyrkia, med å gje flyktningane levelege vilkår til dei kan reisa heim att. Gjevarkonferansen i London sist veke gav ein monaleg auke i finansieringa av flyktningleirane, men kor store summane vert til slutt, er nokså usikkert.

Og det hastar. Særleg Jordan og Libanon står i fare for å verta destabilisert, og flyktningstraumane ut av regionen kan verta mykje større enn det vi ser i dag. Og etter at Tyrkia stengde grensa for syriske flyktningar frå Aleppo denne veka, er situasjonen for mange drastisk forverra.

Det er nabolanda som må ta støyten og ansvaret for å gje vern til flyktningane når omfanget er så stort som no. Ingenting tyder heller på at EU og Europa kjem til å samla seg om ein felles politikk med ei sameint byrdefordeling av flyktningar.

I ein slik prekær situasjon må Noreg kunna ta eit kraftfullt initiativ og syta for nok finansiering av flyktningleirane. Det er aldri eit problem å finansiera krigar. Vi må syna at vi kan betala for fred òg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement