JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Eit naudrop frå Det Norske Teatret

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2080
20230714
2080
20230714

I juni lanserte Det Norske Teatret spleiseaksjonen «Tett gapet». Nynorskteateret skriv at dei får om lag 25 millionar mindre i statsstøtte enn Nationaltheatret. Frieriet går i første omgang til andre nynorske institusjonar, med det historiske bakteppet er at Det Norske Teatret fram til andre verdskrigen var finansiert av såkalla kaffipengar frå kaffistovene.

Nynorskteateret er ikkje åleine om å merke kutta som Solberg-regjeringa innførte med avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma i 2015. ABE-reforma inneber at alle verksemder som er offentleg finansierte, får eit årleg kutt i statsstøtta på 0,5 prosent som eit insentiv til å drive meir effektivt.

Ein Fafo-rapport (2021:26) som tek for seg ABE-reforma i musikk- og sceneverksemder, viser at kutta har vore høgare enn 0,5 prosent einskilde år. 42 av 58 institusjonar som vart intervjua i samband med rapporten, svarte at reforma har hatt negative følgjer for den kunstnarlege kvaliteten, til dømes at framsynings- og konsertformat er endra, eller at prosjekt er avvikla eller skrinlagde.

Det er ikkje berre kutta i statsstøtta som svekkjer økonomien til musikk- og sceneverksemder. Framleis er publikumstal og billettinntekter lågare enn før pandemien. I tillegg har utgifter til løn, straum og vedlikehald auka kraftig.

Til Norsk Shakespearetidsskrift seier teatersjef ved Det Norske Teatret Erik Ulfsby at teaterbudsjettet ikkje er i nærleiken av å gå i balanse. Han forventar at politikarane skal tette gapet i neste budsjett. Teateret må kunne ta kunstnarleg risiko og ikkje vere avhengig av framsyningar som Frost, seier han.

Styresmaktene må kunne forvente at musikk- og sceneverksemdene har god økonomisk styring og sparer der det er råd. Men dersom vi skal ha eit breitt – og dermed eit smalt – tilbod på norske scener, må regjeringa og Stortinget sørgje for å gje kulturinstitusjonane ei statsstøtte som dei kan drive kunstnarleg forsvarleg med.

Tiril Rem

Denne utgåva av Dag og Tid er den siste før vi tek to veker ferie. Neste utgåve kjem fredag 4. august. God sommar!

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis