Eit meir sjølvstendig Europa

Publisert Sist oppdatert

«Dette var eit nytt vellukka oppdrag. Om ein samanliknar kva som er gjort dei siste åtte vekene med kva som er gjort dei siste åtte åra, er det ein stor skilnad», sa USAs president Donald Trump etter at USA hadde sleppt verdas største konvensjonelle bombe i Afghanistan.

Dette er ikkje berre nok ein tvilsam Trump-kommentar. Det er eit signal om at USA under Trumps regime likevel kan koma til å halda fram med den aggressive krigføringa som landet har stått for i utanrikspolitikken sidan 2001.

Det er i så tilfelle overraskande. Mange av oss hadde ei lita tru på at Trump, om ikkje anna, ville vera langt meir tilbakehalden i bruk av militærmakt enn både president Barack Obama og president George W. Bush var. Likeins at krigane i Irak og Libya ikkje ville funne stad under Trump.

Det er enno for tidleg å konkludera, men etter Afghanistan og Syria-bombinga er ikkje dette lenger like sikkert. Det er uansett uroande at Trump trur at han har oppnådd noko vesentleg dei siste vekene i Afghanistan – «meir på åtte veker enn dei siste åtte åra». Men hengemyra i Afghanistan kjem ein ikkje ut av med denne typen krigføring.

Kva gjer Noreg? Vi må starta det langsame arbeidet, saman med resten av Europa, med og syta for at vi år for år vert meir sjølvstendige andsynes USA. Det gjeld uansett kva utanrikspolitikk Trump endar opp med å føre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement