Etter at det britiske parlamentet, gjennom ein uheilag allianse mellom dei som ikkje vil godta resultatet av folkerøystinga, og dei som ikkje synest dei ulike avtalane med EU er ei tydeleg nok utmelding av unionen, har parlamentet i tre år sabotert og røysta ned alle framlegg til ein avtale med EU. No toppar det seg altså ved at statsminister Boris Johnson gjennom å suspendera parlamentet vil tvinga fram ei avgjersle.
Det er på mange måtar forståeleg. For no er tida brukt opp. Nok er nok, og ein må innfri viljen til folket. Det er jo udemokratisk å ikkje fylgja opp resultatet av folkerøystinga. Paradokset er at måten Johnson vil gjera det på, òg er udemokratisk. Det minner om unntakstilstandar i autoritære statar.
Situasjonen for Storbritannia er no heilt uføreseieleg – både når det gjeld korleis parlamentet vil reagera når det ein gong vert samla, og for lagnaden til Storbritannia. Det heile kan enda med ei oppløysing av Storbritannia, der Skottland vert sjølvstendig og medlem av EU – og Nord-Irland ein del av EU-landet Irland.
For både EU og Noreg er det svært uheldig det som skjer. Brexit-spørsmålet forsurar samarbeidet mellom EU og Storbritannia i ei tid då Europa må stå samla for å sikra både økonomi og eit godt tryggingspolitisk samarbeid. Og vi må for all del unngå ein handelskonflikt mellom EU og USA/Storbritannia.
For Noreg konkret fortel kaoset i Storbritannia at tida ikkje er inne for å gå ut av EØS. Det bør både Senterpartiet og Nei til EU ta inn over seg. Det er sjølvsagt mogeleg for Noreg å få til ulike handelsavtalar med EU, men risikoen for at resultatet vert dårlegare enn i dag, er stor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.