Ein samlande nasjonal funksjon

Publisert

Vi vel alle våre kampar. På landsmøtet siste helg vedtok Venstre å avskaffa monarkiet og at avviklinga skal forankrast i ei folkerøysting.

Det er ikkje vanskeleg å vera samd i at ordninga der ein person arvar vervet som statsoverhovud, er ein anakronisme og har lite i eit demokrati å gjera. Men uansett er ikkje monarkiet eit stort demokratisk problem.

No er ikkje det siste heilt rett. I ein artikkel i Agenda Magasin for ei tid sidan skriv professor i rettsvitskap Eirik Holmøyvik godt om temaet og minner oss på at kongen framleis har makt som ikkje er demokratisk uproblematisk.

Til dømes må kongen signera vedtaka i statsråd for at dei skal vera rettsleg gyldige. Og kongen har makt ved oppnemning av ny regjering. I praksis skal det mykje til for at han blandar seg inn, men det kan ikkje utelukkast. Det er ikkje utenkjeleg at vi ein gong kan koma i ein situasjon der kongen vil utøva skjønn og påverka den politiske prosessen ved eit maktskifte.

Holmøyvik lanserer eit kompromissalternativ som kan reformera monarkiet slik at kongen mister den konstitusjonelle rolla si, men likevel held på tittelen statssjef. Han skal då berre ha ein reint representativ funksjon, utan formell eller reell makt gjennom Grunnlova. Det er den same ordninga som svenskane har.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement