Ein ny fase i Ukraina-krigen

Publisert

Russland held fram med å bomba viktig infrastruktur i Ukraina og mørkleggja landet. I dag fredag er det meldt om kuldegradar i Kyiv. Ein kan berre førestilla seg kor krevjande livet er utan jamn tilgang på oppvarming.

Tysdag denne veka sende russarane, ifylgje ukrainske styresmakter, med dei atterhalda ein då må ta, 70 missil inn over Ukraina. 38 av missila var av typen KH555 eller KH101. Den siste varianten er 7,5 meter lang, har eit vengjespenn på 3 meter, veg nesten 2,5 tonn og kan skapa mykje elende.

Men truleg vart ingen drepne av bombinga denne dagen. Det ukrainske luftvernet, som vert betre dag for dag, skal ha skote ned dei fleste av dei russiske missila. Russland må difor pøsa på med nye missil for å få til nokon effekt. Det er dyrt, og fleire kjelder fortel no at lagera av missil som er att i Russland, minkar kraftig.

Vi trykkjer denne veka ein artikkel frå Süddeutsche Zeitung som nettopp syner kor kritisk den militære kapasiteten til Russland er no åtte månader etter invasjonen. Russarane har difor vore nøydde til å endra strategi og driv altså no med folkerettsstridig massiv bombing av Ukraina.

I etterkant av denne terrorbombinga er no for fyrste gong militære mål langt inne i Russland råka av bomber. Det er ikkje stadfesta, men alt tyder på at det er Ukraina som står bak. Det er i så fall fullt forståeleg, og det er rart det ikkje har skjedd før, men det er klart at dette vil gjera krigen endå meir tilspissa og farleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement