Ein hån mot dei etterlatne

Publisert

Forskar Astri Suhrke skriv denne veka om ei av dei mest fatale feilbombingane til no i Afghanistan-krigen, der rundt 100 personar, mange av dei sivile, vart drepne i 2009.

Drapa på dei sivile var ikkje tilsikta, men den tyske offiseren som stod bak aksjonen, gjorde altfor lite for å finna ut kva som var den faktiske situasjonen før dei sette i gang bombinga. Og krigens folkerett er ganske klar på at ein på førehand må undersøkja om det er sivile personar i eller nær aktuelle militære mål. Dessutan laug han om den militære situasjonen på bakken for å få flystøtte. Saka var klaga inn for tyske rett, men den tyske påtalemakta meinte at offiseren ikkje hadde brote folkeretten, og la bort saka.

At saka vart lagd bort, vart så klaga inn for Den europeiske menneskerettsdomstolen. Der gjaldt spørsmålet jurisdiksjon. Den 16. februar i år konkluderte domstolen med at Tyskland berre hadde plikt til å etterforska hendinga. Dermed er saka ute av både det nasjonale og internasjonale rettsapparatet. At ingen såleis har måtta stå til rette for handlingane sine i ein rettssal i denne saka, er ein hån mot dei sivile offera og dei etterlatne.

Men diverre har denne juridiske ansvarsfråskrivinga vore praksis i den 20 år lange krigen i Afghanistan. I den perioden amerikanarane bomba som verst (2006–2012), med store afghanske sivile tap, vart dei mest omstridde episodane etterforska internt av det amerikanske militæret, men utan at det til no har ført til konkrete påtalar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement