Ei naudsynt innstrammingArbeidarpartiets migrasjonsutval kom denne veka med innstillinga si til ein ny asyl- og flyktningpolitikk. Partiet har dei siste åra vore nokså uklart på kva slag politikk Noreg bør føra på dette feltet, og treng ein tydelegare og m
Arbeidarpartiets migrasjonsutval kom denne veka med innstillinga si til ein ny asyl- og flyktningpolitikk. Partiet har dei siste åra vore nokså uklart på kva slag politikk Noreg bør føra på dette feltet, og treng ein tydelegare og meir prinsipiell politikk.
Diverre er heller ikkje denne innstillinga klar nok. Punkt for punkt vert det lagt opp til for stort tolkingsrom. Men retninga på innstillinga er likevel klar. Utvalet vil ha ein strengare innvandringspolitikk med sterkare vern om asylinstituttet, kombinert med meir hjelp i nærområda og meir bistand. Motytinga er fleire kvoteflyktningar.
Innstramminga er ei naudsynt tilnærming til den store globale utfordringa som dagens flyktningsituasjon gjev. Situasjonen krev at ein må skilja strengare mellom asylsøkjarar og folk som flyktar frå krig og vanskelege økonomiske tilhøve. Asyl bør vera for dei som treng vern mot tortur og forfylging. Dette er ei livsviktig ordning som berre kan overleva om ho vert handheva strengt.
Dei som treng vern mot krig, bør få hjelp i nærområda, der tilværet er hardt: Tilhøva i flyktningleirane er særs vanskelege, og det er krevjande for naboland som skal ta imot mange flyktningar. Men vona er at situasjonen ikkje vert for langvarig. Flyktningane må venda tilbake til heimlandet, og verdsamfunnet må finansiera og driva flyktningleirane.
Noreg og Europa kunne òg ha gjeve mellombels opphald til krigsflyktningar. Men dette krev at flyktningane reiser heim att når trongen for vern ikkje lenger er naudsynt – elles vil ikkje nye flyktningar få hjelp når nye konfliktar oppstår.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.