Ei heroisk kvinne
Det er tragisk at iranarane skal verta hersa med av det iranske mullaregimet tiår etter tiår.
Foto: Voice of America
Velkomen til Noreg, Ali og Kiana Rahman! Dei to tvillingborna på 17 år skal sundag klokka 13 utføra sitt livs store oppdrag – ta imot Nobels fredspris 2023 i Oslo rådhus på vegner av mor si, Narges Mohammadi. Ho har fått Fredsprisen for kampen hennar mot undertrykking av kvinner i Iran. Og kampen for menneskerettar og fridom for alle, skriv Nobelkomiteen i grunngjevinga.
Sjølv kan ho ikkje koma. Ho sit fengsla i Iran etter dommar på til saman 31 år. Frå fengselet i 2022 tok ho likevel del i den store protestrørsla i landet som byrja med motstanden mot tvungen bruk av hijab. Før det har ho blant anna vore ei av drivkreftene bak kampen mot den omfattande torturen og seksualiserte valden som politiske fangar vert utsette for i iranske fengsel.
Ho er òg dømd til 154 piskeslag, men har ikkje vorte piska enno. Piskeslag. Det er eit ynkeleg regime som held seg med slike straffemetodar. Mange får problem både fysisk og psykisk etter slik tortur. Det er tragisk at iranarane skal verta hersa med av det iranske mullaregimet tiår etter tiår.
Kva er siste nytt om Narges Mohammadi? BBC kan melda at ho nyleg vart nekta medisinsk behandling fordi ho ikkje vil ha på seg hijab på sjukehuset. Mohammadi slit med hjartet, lungene og stresskrampar i kroppen. Til slutt vart ho send til militærsjukehuset utan hijab, men ingen utanforståande fekk møta eller sjå ho.
Kampen mot hijaben har vorte sjølve symbolet for iranske kvinner som kjempar mot regimet. Mohammadi har klart og tydeleg sagt at ho ikkje under noko omstende vil gå med hijab. Påbodet om hijab ser ho på som eit «middel for kontroll og undertrykking» frå styresmaktene i landet.
Mohammadi har gått frå å vera den anonyme kona til ein politisk fange til å vera ei sjølvstendig og kraftfull kvinne som står opp for ulike grupper i Iran – uavhengig av kva slag religiøs, ideologisk eller etnisk bakgrunn dei måtte ha. Mohammadi er overtydd om at regimet i Iran ikkje kan reformerast, men må skiftast heilt ut.
Til helga skal vi hylla Jon Fosse og Nobelprisen hans. Og vi skal hylla Narges Mohammadi, Fredsprisen og krafta og motet hennar.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.