Ei god ordning

Publisert

I 2016 vart det innført ei nasjonal grense som inneber at elevar med meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i eit fag ikkje får godkjent karakter i faget. No er ordninga evaluert, og rapporten kom denne veka. Rapporten må lesast som ei klar støtte til nyordninga.

Skulane har opplevd redusert fråvær i alle elevgrupper. Og dei elevane som hadde det høgste fråværet frå før, har hatt den største reduksjonen i fråvær. Dessutan har mindre fråvær ført til betre skuleresultat. Dette er ikkje uventa. Det er føreseieleg at strengare reglar fører til større oppmøte. Og at større oppmøte fører til betre resultat.

Interessant er det òg at eit fleirtal av lærarane er vortne positive til fråværsgrensa, og at ordninga fungerer. Det påfører sjølvsagt lærarane meir registrering og administrasjon, noko dei har altfor mykje av frå før. Men akkurat her kan ekstraarbeidet forsvarast. Det er nok av andre ting dei heller bør få sleppa.

Berre så synd at reglane ikkje vart innførte for lenge sidan. For ungdomar treng tydelege krav og reglar. Særleg sidan alle no skal gjennom same kverna med altfor mykje teoretisk opplæring og for ambisiøse mål.

Difor er den store utfordringa no i norsk skulevesen å laga ein skule også for dei som ikkje passar inn i denne teoritunge skulekvardagen, og som ikkje møter opp på skulen når dei skal.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement