Dyrevelferd

Publisert

NRK-programmet om dyremishandling av griser var trist å sjå. Der vart det avslørt dyrehald om ikkje er akseptabelt, på fleire gardar.

Dag og Tid veit meir om godt grisehald enn dei fleste aviser etter fleire år med griser på Dag og Tid-stølen. Griser er fascinerande og kjekke dyr. Dei treng godt stell og mest mogeleg utetid. Alle som ser griser rote i jorda ute, vert i godt humør. Og norske griser, ein kombinasjon av norsk landsvin og den amerikanske durocrasen, gjev eit særs godt kjøt som kan nyttast på mange måtar.

Avsløringar av misleghald i dyrehaldet råkar alltid heile næringa. Difor vil tettare oppfølging og fleire kontrollar frå Matilsynet, slik at ein får bort dei som ikkje driv etter reglane, tena næringa.

Viktig er òg det å få ned produksjonspresset i all kjøtproduksjon. Styresmakter, kjøtindustri, handelsnæring og forbrukarar må heile tida ta inn over seg at skal ein få til god dyrevelferd, kan ein ikkje stadig auka produksjonen og heile tida pressa bøndene på pris. God dyrevelferd kostar tid og pengar. Kjøt er ei eksklusiv vare som skal kosta litt – i respekt for både dyr og husdyrbøndene. Kjøper du ei ribbe til 29,90 per kilo, tek du ikkje eit heilskapeleg ansvar.

Transport av slaktedyr er sentralt i all dyrevelferd – ikkje minst når det gjeld griser. Transporten må vera kort. 150 griser på ein trailer med lasterom i to høgder får konsekvensar for både dyrevelferd og kjøtkvalitet. Stressa griser gjev dårlegare kjøt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement