Du skal ikkje slå i hel

Publisert

Ein skulle tru at verda hadde kome lenger, men ha ingen illusjonar. Sjølv om tala gjekk markant ned i 2018, vert svært mange framleis dømde til døden og avretta i land rundt om i verda. Ei opplisting frå Amnestys årlege rapport om dødsstraff får fram det groteske i det heile:

Det var 56 land som dømde folk til døden i 2018, og av desse var det 22 land som faktisk fullbyrda dødsstraffer. Til saman sat 19.336 på dødscelle i 2018.

Verstingen er som vanleg Kina. Dei nektar å gje tal, men alt tyder på at dei avretta fleire tusen menneske ved skyting. Deretter kjem Iran med minst 253 avrettingar, Saudi-Arabia med 149, Vietnam med 85 og Irak med 52.

Metodane som vert nytta, er halshogging, elektrisk stol, henging, giftsprøyte og skyting. Det var ingen registrerte avrettingar ved steining i 2018, det er jo eit lite framsteg, men to vart dømde til døden ved steining i Iran. Iran hadde dessutan sju offentlege avrettingar. I Pakistan dømde dei 250 til døden i 2018 – tre av desse for blasfemi!

I rapporten står Vest-Europa fram som eit stolt friområde for bruk av dødsstraff – saman med Sør-Amerika. Hadde det ikkje vore for Kviterussland, ville heile Europa vore fritt for dødsstraff.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement