Regissør Tonje Hessen Schei fekk denne veka årets «Cinema for Peace Award» på filmfestivalen i Berlin for filmen Drone. I intervjuet her i Dag og Tid syner Schei solide kunnskapar om den moderne dronekrigføringa. Ikkje minst var det viktig for filmen at ho fekk med ein tidlegare dronepilot.
Mange av dronepilotane vert psykisk skadde av arbeidet. Å vera dronepilot er ikkje som å ta del i eit abstrakt dataspel. Dronepilotane i Nevada og New Mexico som styrer bombene mot måla langt borte, har ofte observert menneska dei skal drepa i månadsvis på førehand.
Den amerikanske dronekrigen er ei krigføring bygd på falske premissar. USAs dronekrig har ikkje vore kirurgisk presis. Åtaka råkar private heimar og offentlege stader, og ofte vert mange uskuldige sivile drepne. Truleg har fleire born enn høgprofilerte terroristar vorte drepne av dronar.
Dessutan er det noko grunnleggjande feigt med dronebombing og den manglande risikoen som dronekrigen medfører. President Obama har sleppt hundrevis av dronebomber og drepe tusenvis av menneske. Eigne tap: Null. Eit slik høvestal senkar terskelen for bombing. Krigen blir abstrakt, medan amerikanarane kan gå rundt og handla på kjøpesentra som om ingenting skjer.
Det er president Obama sjølv som tek den endelege avgjerda før kvart droneåtak. Det set den uforståelege fredsprisen til Obama i eit endå meir underleg lys.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.