Draumen om ein ferjefri kystveg
NRK melder at regjeringa vil setja av pengar og starta bygginga av bru- og vegprosjektet Hordfast, som skal erstatta ferjesambandet mellom Halhjem og Os og gje ferjefri veg frå Stord inn til Bergen.
Får ein bygd Hordfast, er nok neste mål å laga ferdig ein ferjefri veg langs heile Vestlandet frå Kristiansand til Trondheim. Slike gigantprosjekt kan ein driva på med når ein har mykje pengar og ikkje tek inn over seg at det ikkje er ein naturrett å koma raskt fram over fjord og fjell på Vestlandet.
Men som lobbyistane bak Hordfast-prosjektet skriv, er Vestlandet «inne i en periode der behovet for omstilling som følge av endringer i offshore-relaterte næringer er tydeligere enn før». Og då må landsdelen «framstå som attraktive på omverdenen. Det krever bedre mobilitet med kortere reisetid både for næringsliv og arbeidskraft».
Slike argument ser altså ut til å trumfa det meste. Og så skal det seiast at sjølv om såkalla ikkje-prissette tema, som naturmangfald, trekkjer i negativ retning, syner den samfunnsøkonomiske analysen av Hordfast at prosjektet er vurdert som økonomisk lønsamt.
Men det beste ville likevel ha vore å la heile prosjektet liggja, både Hordfast og ein ferjefri E39. Det går an å få ting til på Vestlandet sjølv om ein ikkje har ein firefelts bru- og motorveg langs kysten.
Dessutan vil den auka transporten som det nye vegsambandet vil føra med seg, ikkje vera klimavenleg og i samsvar med eit ynske om nullvekst i personbiltrafikken. Å dagpendla frå Stord til Bergen – eller omvendt – fører til auka energibruk. Og det hjelper ikkje å visa til at dei kan reisa med elbilar. Vasskrafta kunne ha vore brukt mykje meir fornuftig om ho var nytta til å erstatta kolkraftverk i Polen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.