Diktaturistane
Olje–?og energiminister Ola Borten Moe smilte på bileta frå besøket sitt i Saudi-Arabia denne veka, han poserte på kamelryggen og mellom sanddynene.
Det var god stemning og mykje å snakke med oljeminister Ali Ibrahim al Naimi om. «En spennende del av et samarbeid jeg håper vil vare», sa Moe. Store oljeland har sams interesser. Menneskerettar skal visstnok ha blitt nemnde under besøket.
Det er uklart kva som vart sagt om det emnet. Men det vart neppe tid til å gå i detaljar om dei mange offentlege halshoggingane i Saudi-Arabia eller om rettstryggleik: I fjor vart til dømes ein saudisk mann halshogd for å ha drive med trolldom. Det vart neppe tid til å snakke mykje om den massive kvinneundertrykkinga eller dei tusenvis av politiske fangane, heller.
Besøka i det brutale diktaturet Saudi-Arabia liknar ei pilegrimsreise for norske oljeministrar. I tur og orden stiller dei smilande opp mellom sanddynene i pragmatismens namn. Også utanriksminister Espen Barth Eide er pragmatisk. I januar skamroste han Ilham Alijev, diktator i oljelandet Aserbajdsjan, der Statoil er ein storinvestor, der opposisjonelle og journalistar stadig blir fengsla og mishandla: «Det er en meget visjonær og intelligent leder. Det at han sitter en stund, gjør at han kan tenke langsiktig», sa Eide om Alijev. «Det at han sitter en stund» – ja, Alijev sit faktisk ved makta så lenge han vil.
I gamle dagar reiste Berge Furre, Berit Ås og andre SV-leiarar på ein del studieturar til land som DDR og Romania. Dei fekk presentert glansbilete av Austblokka og trudde i alle fall på delar av biletet. Dei lét seg bruke av vertane, og for dette har dei fått mykje kjeft, ikkje heilt ufortent.
Men når Moe smiler frå kamelryggen i ørkenen og får ei kaffikanne i gåve av kollegaen sin – er det prinsipielt ulikt oppvartinga av vestlege sosialistar på tur mellom potemkinkulissane i Austblokka? Og har ikkje den norske statens samspel med diktatura i dag langt større konsekvensar enn sosialistturismen i gamle dagar?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.