Diktaturet i Kviterussland
I desember 2019 hadde Dag og Tid besøk av Andrej Dynko, redaktør for den kviterussiske vekeavisa Nasja Niva. Han ville ha innsikt i drifta av norske aviser. Men han fortalde òg om situasjonen i landet og korleis det var å vera redaktør i ei avis i Kviterussland. Det er annleis, for å seia det slik, enn den norske kvardagen vi opplever.
Det er tragisk at Kviterussland, plassert sentralt i Europa med lang grense til Polen og EU, har vorte eit diktatur. I Kviterussland vert redaktørar og journalistar i dag arresterte og mishandla. Journalistforeininga i Kviterussland, som vart stengd av regimet i august i år, fortel at i dag sit 27 journalistar fengsla i landet. Det siste året har hundrevis av journalistar og redaktørar vore fengsla i kortare eller lengre periodar.
Ein av desse er vår mann, Andrej Dynko. Frå 8. juli til 21. juli i år sat han i det frykta Okrestina-fengselet i Minsk. To kollegaer frå Nasja Niva sit framleis fengsla. Vi trykkjer i dagens avis eit utdrag av teksten han skreiv då han kom ut frå fengslet. Det er eit sterkt vitnesbyrd om rå mishandling av menneske.
Noreg har under utanriksminister Ine Eriksen Søreide vore ein tydeleg kritikarar av regimet i Kviterussland, med krav om lauslating av dei politiske fangane i landet. Men meir kan gjerast. Fleire organisasjonar, blant anna Den norske Helsingforskomité, Fritt ord, Rafto og Advokatforeningen, sende nyleg eit brev til Søreide der dei blant anna ber om at Den internasjonale straffedomstolen etterforskar Lukasjenkos regime for mogelege brotsverk mot menneskeslekta. Det burde vera lett for regjeringa å ta dette initiativet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.